Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka inneheld eit utval av forfattarens tekstar kor han filosoferer om m.a. det å vere mann, om politikk, dumskap og det som gjer livet verdt å leve.
Omtale fra forlaget
Ole Johannes Øvretveit har eit sjeldan humoristisk talent som kan få deg til å slå latterdøra på vid vegg, men som òg let deg sitja att med ein filosofisk ettersmak. I denne boka har vi samla dei beste tekstane han har skrive dei siste ti åra. Det er lette, humoristiske historier frå kvardagslivet som far, kjæreste/ektemann, mann, og samfunnsborgar som treff deg "midt i magen", og får deg til å tenke etter kva det eigentleg handlar om, dette livet. Mange av historiene stammar frå perlerada av kåseri han gjennom mange år gav til beste på lokalradioen. Ole Johannes Øvretveit (f. 1967) er kjend som ankermann i Radio Røysi, det faste humorprogrammet til NRK Sogn og Fjordane. Han er siviløkonom av utdanning, journalist av legning, og underhaldar og familiefar i det daglege. Han bur saman med kone og fire born på Sande, Sunnfjords perle, der han fiskar, går på jakt, ser ungane spele fotball, bryggjer heimebrygg og lever eit liv byfolk flest berre les om i bøker. Slike bøker som denne. Oddrun Midtbø (f. 1964) har illustrert boka. Ho er også eigar av veranda med utsikt ...
Forlag Penna forl.
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788282120029
EAN 9788282120029
Genre Humor Hverdagsbetraktninger
Språk Nynorsk
Sider 115
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket