Vestlandets historie. Bd. 1-3

av (redaktør), Ottar Grepstad (redaktør), Arnvid Lillehammer (redaktør) og Anna Elisa Tryti (redaktør).

Vigmostad Bjørke 2006 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå – i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga – frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning – har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre–fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting. Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag. Det tredje bindet, KULTUR, handlar om den mangslungne og rike kulturutviklinga på Vestlandet frå trusskiftet i mellomalderen til i dag. Opningskapitlet ser vestnorsk identitet i eit historisk perspektiv. Den vidare framstillinga går inn på kristendom og kyrkje i mellomalderen og religiøse forhold i etterreformatorisk tid, særleg lekmannsrørsle og religiøse vekkingar. Det blir gitt eigne oversyn over språkutvikling og litteratur, Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Ein epilog samlar trådane i bindet og heile trebindsverket. «…eit assortert skattkammer. Eg nøler ikkje med den konklusjonen at det kan vere julegåva til patriotiske vestlendingar.» Professor emeritus Kåre Lunden i Dag og Tid, 1. desember 2006 «Både i tekst, bilder, register, fotnoteapparat, layout og papirkvalitet oser det av kvalitet» Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006 «Det går gjerne inflasjon i begrepet praktverk i forlagenes markedsføring i disse førjulstider, men forlaget Vigmostad & Bjørke kan med rette bruke det om sin nye vestlandshistorie.» Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006 Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!

Bokdetaljer

Forlag Vigmostad Bjørke

Utgivelsesår 2006

Format Innbundet

ISBN13 9788241904004

EAN 9788241904004

Serie Vestlandets historie. Bd. 1-3

Språk Bokmål Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket