Omtale fra forlaget
Kva styrer vêr- og klimamekanismane på kloden, og kva konsekvensar har klimaendringar for natur og samfunn? Korleis blir ressursane på kloden brukt og forvalta, og kvifor ligg grenser der dei ligg? Kvifor er det slik her, nett no? Verda og vi. Innføring i geografi er den første norskspråklege læreboka i geografi som er tilpassa lærarutdanninga. «Kvifor slik, nett her?» er spørsmålet som går igjen i heile boka, som ein inngang til både naturgeografi og samfunnsgeografi. Det andre gjennomgangstemaet i boka er berekraft. I den nye læreplanen, Fagfornyinga, er berekraft eit kjerneelement, og geografifaget er ein nøkkel til å kople berekraft i samfunn og skule på konkrete måtar. Boka gir ein gjennomgang av dei sentrale temaa i geografi, og inneheld tips til undervisning og ressursar til bruk i skulen. Den første delen omhandlar naturgeografi og tek for seg vêr, klima og dei ulike prosessane som endrar landformene på jorda. Den samfunnsgeografiske delen omhandlar mellom anna ressursar, globalisering, migrasjon og urbanisering. Boka er gjennomillustrert.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788252195071
EAN 9788252195071
Språk Nynorsk
Sider 408
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket