Omtale fra forlaget
Sommaren 1862,150 år før denne boka kjem ut, reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre for å samle segner og anna folkeminne. Før han reiste var livet svært vanskeleg: han var nedsylta i gjeld, teatret gjekk mot konkurs, han mista arbeid og inntekt, han fekk ikkje det litterære arbeidet unna, han hadde alkoholproblem og helseproblem, og familien hadde til tider for lite mat. Denne boka skildrar Ibsens liv før samlarferda, fortel om opplevingane hans på Sunnmøre og argumenterer med at den 6-7 veker lange reisa vart eit vendepunkt for den store diktaren. Han samla segner og lokalhistorisk stoff, fann tema og rollemodellar han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. Forfattaren har funne mange spor frå Sunnmørsturen i dei verka Ibsen skreiv etter reisa. Sjølv ivrige lesarar av Ibsenbiografiar vil finne nye opplysingar om Ibsen i denne boka. Dessutan er
det medteke mykje lokalhistorie frå Sunnmøre.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788282400541
EAN 9788282400541
Omtalt tid 1800-tallet
Omtalt person Henrik Ibsen
Språk Nynorsk
Sider 256
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket