Omtale fra forlaget
Historia om norske tunnelar er ei forteljing om modernisering av landet fram mot vår tid. I denne boka ser vi nærare på historia til sju tunnelar som har forandra kvardagen til folk.
Den første er Gravhalsen på Bergensbana, som var ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Den andre, Spiralen i Drammen, svingar omkring sin eigen akse sju vender oppover i fjellet. Vardøtunnelen i Finnmark er landets første undersjøiske. Fløyfjellstunnelen i Bergen er med fordi dette var første gong ein brukte tunnelboremaskin for veg, og ikkje dynamitt. Så er det Ofredalstunnelen i Sogn som blei verdas brattaste etter ein planleggingstabbe. Og Romeriksporten, ein samanhengande skandale frå start til slutt, men som likevel er blitt ein suksess for flytoget i vår tid. Den siste på lista er Lærdalstunnelen som blei verdas lengste biltunnel etter ein hestehandel i Stortinget.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788282401586
EAN 9788282401586
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket