Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Rein Lodinsson har teke over som bonde på garden Vik. Snømengdene hindrar folk i å ferdast mellom gardane, men det viser seg likevel at det ikkje berre er ulven som trugar: Dei framande inntrengjarane er på ferde igjen. Rein får bruk for alt han har av mot og djervskap i striden, og er aktivt med då bøndene møtest for å finne ut korleis dei skal organisere seg mot fienden.
Omtale fra forlaget
Rein tumla opp av søvnen og visste ikkje kor han var, hørte berre den ville remjinga rundt seg, rop, snerring. Han forsto at noko aldeles gale var i ferd med å skje; krøttera bortmed bergveggen var heilt ville, Ragge trell kom rennande med den svære kølla, prøvde å komme seg inn mellom hestane, hestane stegla og slo og vrinska, alt var berre forvirring og galskap. Så oppdaga Rein kva det var; ein grå skugge der mellom beina på hestane! Og ein til! Og enda ein! Varg!
Ungguten rein Lodinsson har teke over som bonde på garden Vik. Snømengdene hindrar folk i å ferdast mellom gardane, men det viser seg likevel at det ikkje berre er ulven som trugar: Dei framande inntrengjarane er på ferde igjen. Rein får bruk for alt han har av mot og djervskap i striden, og er aktivt med då bøndene møtest for å finne ut korleis dei skal organisere seg mot fienden. Romanen hentar handlinga si frå norsk folkevandringstid, ei tid med store utfordringar for folket i bygdene i Trøndelag. Inntrengjarane har kome lengre enn dei, både i båtbyggjarkunst og sjømannskap.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2000
Format Innbundet
ISBN13 9788252156614
EAN 9788252156614
Omtalt tid Middelalderen
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 195
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket