VANHEPPA

Fyrste soga um Per Dosi

av (forfatter).

Olaf Norlis Forlag, Oslo 1920 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 2.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Olaf Norlis Forlag, Oslo

Utgivelsesår 1920

Format Heftet

Språk Landsmaal

Sider 184

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 0 0 1 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

" Durdei hadde vore ekkja i mange aar. Det vart trettan til hausten - helgemess tider. Men ho sat med jordi framleis. Og det hadde ikkje svive fyr henne aa " gje´ifraa seg" med det fyrste helder. -
So lenge han Per ikkje gifte seg, kunde det vera best som det var. Tok han i mot jordi fyrr han fekk kona, vart det likevel Durdei som laut vera matmôr. Daa kunde ho likso godt sitja med alt - baade eign og andsvar.
Nokor hast var det ikkje verdt aa fara med - fyr han Peder helder, totte Durdei. Ein vart alltid tidleg nok gift, og han var berre paa det ein og trettiande sidan kyndelsmess. -"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"-No gjeng du ut med skinko, elder skam faa ein stein gjev eg deg ikkje av omnskroken! - Og Durdei hytta med den svartbrende kroken. . Ho var so sinna at ho hadde ikkje hegda paa basken, dersom ho berre kunde styggetinga naatt. Men ho var ring til fots og dotteri for langt fra henne.
Ili skjekte paa munnen til môr si, gjekk so burtaat borde og vilde drikka vatsblanda. Men ho vann ikkje svelgja det og sprøytte det or seg att i krukka. "

Godt sagt! (2) Varsle Svar
  • Ja-ja morr! sa Per, og tenkte ho skulde ikkje verta kvitt han so lett! Han gjekk inn i budi etter flaska og eit stettelaust skjenkjeglas . Sette so treskoene under troppi, let att utedøri, - og paa lèmen fór han.
  • Nei no tenkj'eg du er galen! sa ho og smeit under aaklæde med' same han kom tæsande paa hoseleisten.
    Per lo og lét at det skulde verta gjestebod no!
    Han hadde tvo halve drammar paa flaska, so det kom til aa verta fylla, venteleg! - Og han skjenkte varleg i glase, drakk henne til - og slo i att paa nytt.
  • Det er lite men godt, sa mannen - han mjølka kjetta, - so fær eg segja, eg med.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bygdi var stengd av fjell paa tri kantar - utan dalføre som bar lenger inn i lande, so det vart ikkje vinddrag i gjenom. - Paa fjøsskukken vart det ikkje folkeverande : fluga, loppa og varme tok live av dei, enda dei spende ut ei heil bordtaksfjøl og laag nakne og sprikte. Svein sette paa at der i fraa vilde han, um han so skulde liggja ute i risdungen, og Per laut lage seg etter han og flytja paa budalèmen.
Men dette var'kje det verste, for det kunde likevel ha laga seg eit elder anna høve so Per hadde vorte aaleine med Sanna. Nei det hende det som verre var: Ili flutte paa budalèmen samstundes. Ho og Sanna skulde liggja saman."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Venteleg var det soleis laga at dei skulde vera han til meins - baade môri og Ili. Men so fjerre visleg som han alltid hadde vore, kunde den som yver sat og saag ned gjerne gjort han ei liti beina. Det heitte daa so at det vonde vart straffa og det gode lønt, men korleis dette rima seg fyr hans part, det var meir enn Per skyna. For han viste seg verkelig ikkje saka i sovore som var aa rekna paa - fyr vaarherre som hadde tolt aa sjaa paa so mangt slag fælt og syndig frametter tidene. Per var'kje lenger vidare stø i det han hadde lært, men han mindest som ein draum at David i bibelhistoria - han miste berre eit par born fyr di han laag med anns manns kona og etterpaa fekk mannen tynt. "

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket