Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka inneheld tekstar og illustrasjonar om 61 plantar som veks i vegkanten på Vestlandet. I tillegg gir boka ei innføring i kva som er spesielt med vegetasjonen i vegkantane og om samspelet med omgjevnadene. Kart over vestlandfylka viser deg nokre stader der du finn spesielle artar i vegkanten. Har litteraturliste og register.
Omtale fra forlaget
Visste du at kusymre tyder "ku-sommar" fordi kyrne kunne sendast på beite når ho blomstra? Eller at unge menn som ikkje ville ut i militæret, nytta det etsande stoffet i kvitveisen til å lage stygge sår på føtene slik at dei ikkje kunne bruke støvlar? Desse og mange andre spennande opplysningar finn du i denne boka som inneheld illustrasjonar og tekstar om 61 vanlege plantar som veks i vegkanten på Vestlandet. Teikningane er laga av kjende kunstnarar. Tekstane fortel om plantane sine særpreg når det gjeld oppbygging, førekomst, økologi, bruk og folketru. Boka inneheld også ei innføring i kva som er spesielt med vegetasjonen i vegkantane og om samspelet med omgjevnadene. Kart over dei fire vestlandfylka viser deg nokre stader der du finn spesielt interessante artar i vegkanten. Ved hjelp av denne boka vil du få auga opp for små perler langs med vegane og dermed auke opplevinga di av det flotte vestnorske landskapet!
Parallell tittel Roadside plants of Western Norway Die Wegrandpflanzen West-Norwegens
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2005
Format Heftet
ISBN13 9788291722498
EAN 9788291722498
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk Flerspråklig Engelsk Tysk
Sider 152
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket