Omtale fra forlaget
Seljord, Hjartdal, Tinn, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje utgjer i dag øvre Telemark, men går me lenger attende i tid, var det dette som var Telemark.I jernalderen og mellomalderen blei skogar og fjell utnytta til det fulle – det er ikkje utan grunn me omtalar dette som Utmarksriket. Jern av myrmalm, kammar av gevir, bryne, skinn og pelsverk gav grunnlag for rikdom, handelsplassar og seinare mellomalderbyar som Skien og Bergen. Til Telemark strøymde varer som salt, tekstil og edlare metall, medan idear og impulsar som både forma telemarkingane og omverda, gjekk båe vegar.Ut frå funn frå jorda og historiske kjelder skildrar denne boka ei fjern og framand fortid der telemarkingane framstilte sitt eige jern, der æra var like viktig som livet, og der handel og blodige hestekampar gjekk hand i hand og var den beste forma for underhaldning. Men denne fortida er likevel nær. Reintrekk i fjellet og malm finst framleis i myrene, medan gravhaugar, kolgroper og hustufter ligg att som minne om Utmarksriket.
Forlag Dreyers forlag
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788282658041
EAN 9788282658041
Språk Bokmål
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket