Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Når personar med utviklingshemming blir gamle, står mange kommunar overfor store og nye oppgåver. Gjennomsnittsalderen for personar med utviklingshemming aukar og den høge levealderen stiller andre krav til tenestetilbodet enn slik det vart lagt opp til ved ansvarsovertakinga i 1991. Heftet byggjer på ein undersøking i Ørskog. Både hjelpetilbodet i heimen og tilbodet på dagtid og i fritida står sentralt. Heftet drøfter ulike modeller og løysningar for kva slags bustad og former for samlokalisering som er aktuelle i den nye situasjonen. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Mange kommunar står overfor store og nye oppgåver når personar med utviklingshemming blir gamle. Det gjeld særskilt i kommunar der mange personar med utviklingshemming vart buande etter at dei store institusjonanae vart nedlagde ved HVPU-reforma. Boka byggjer på ein undersøking i Ørskog, der både hjelpetilbodet i heimen og tilbodet på dagtid og i fritida står sentralt. Føremålet med undersøkinga var å gi betre kunnskap og erfaringsgrunnlag når tilbodet skal tilpasssast dei endringane i behov som følgjer med høg alder. Boka drøfter ulike modeller og løysingar for kva slag bustad og former for samlokalisering som er aktuelle i den nye situasjonen.
Forlag Aldring og helse
Utgivelsesår 2005
Format Heftet
ISBN13 9788280610539
EAN 9788280610539
Serie Funksjonshemming og aldring. Rapport
Språk Nynorsk
Sider 80
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket