Omtale fra forlaget
Paris, januar 2015. Det går eit stille tog gjennom gatene, ein stille demonstrasjon mot terrorisme og for solidaritet. Og mellom alle prominente personane fremst i toget, får me auga på terroristen og barnemordaren Benjamin Netanyaho. Det var ein hån mot dei døde sivile palestinarane (av dei om lag 500 born) på Gaza-stripa nokre månader tidlegare. Det verste diktaturet i Midtausten, Saudi-Arabia der dei piskar og halshøgg menneske offentleg, og som likevel er ein god ven til både Noreg og våre allierte, var også representert.
Bileta frå denne demonstrasjonen viser Vestens Janus-andlet på sitt verste, i og med at fleire av dei landa som deltok, står ansvarlege for grove terrorhandlingar.
Denne boka tek opp Vestens elendige og råe utanrikspolitikk, vår arroganse, vår historiefråskriving- og omskriving, våre lygner, våre doble standardar og det politiske hykleriet som florerer i dei fleste land, ikkje minst i Noreg og hjå våre allierte. I år drog den amerikanske .fredspresidenten" til det brutale diktaturet Saudi-Arabia, for å visa diktatoren kong Abdullah den siste ære. Frå Noreg kom den norske kronprinsen - ikkje noko mindre!
Kan me tru på at Vesten krigar for demokrati når våre politikarar samstundes har gode relasjonar til det verste diktaturet i Midtausten?
Eiliv Villand (f. 1938 i Odda), bur i Øystese i Hardanger. Ingeniør- og geologutdanna. Arbeidt på fleire store kraftanlegg, dei siste åra av arbeidslivet som lærar i vidaregåande skule. Verva teneste i UNEF-styrkane i Gaza 1964-1965.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2016
Format Heftet
ISBN13 9788230013953
EAN 9788230013953
Språk Nynorsk
Sider 257
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket