Omtale fra forlaget
Sidan 1970-åra har kunstnaren Oddvar Torsheim alltid hatt ei skisseblokk med seg, anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine, i butikken eller på reise. I desse noterer han flittig innfall, små tekstar og skisser som seinare kan bli kunstverk. Skisseblokkene, til saman over 400, har han tatt vare på.
No har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet saman med bokdesignar Silje Nes. Fleire tusen sider har blitt komprimert til ei samling skisser, der du vil dra kjensel på nokre som kjende verk, medan andre syner meir ukjende sider ved den mangfaldige og folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim.
Ulyzes presenterer kunstnaren sitt ville samansurium av tankar og idear i teikningar og strek, men også gjennom ei lengre samtale med Torsheim sin gode ven Jon Fosse. Dei to kunstnarsjelene møtes ei langhelg i Austerrike for å veksle ord om livet, døden, kyrkja og kemnaren, og lesaren kjem tett på dei to i denne personlege praten.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788279592266
EAN 9788279592266
Omtalt person Oddvar Torsheim
Språk Nynorsk
Sider 373
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket