Omtale fra forlaget
«Minna ligg gøymde i doggsølv som dryp.»
Solrunn ber på tankar, kjensler og løyndommar som ingen må få vita om. Ho breier om seg ei usynleg kappe som både vernar og forteiar.
Det vert viktig med avstand til andre. Vil det bli uråd å halda att dersom det ho freistar skjula, vert innhenta av ytre klangar?
Solrunn møter på utfordringar i sosiale relasjonar, ikkje minst i forhold til kjønnsroller og seksualitet, men òg i forhold til religion.
Ho spør seg:
Kven er eg og kva verd har eg som kvinne?
Kven er Gud og kva er sanning for meg?
Kven var eg før det eg kan minnast?
Tynn hinne er ein sterk og strålande roman om kjærleik, gudsfrykt og skam.
- - -
Kristin Schulerud er utdanna pedagog og musikar.
I mange år arbeidde ho i den kommunale kulturskulen.
Schulerud har tidlegare gitt ut to diktsamlingar.
Tynn hinne er den første romanen hennar.
Forlag Skriveakademiet
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788293636359
EAN 9788293636359
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket