Tvangsevakueringa

Finnmark og Nord-Troms 1944 - bakgrunn, gjennomføring og overleving

av (forfatter).

Orkana akademisk 2020 Innbundet

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Tvangsevakueringa frå Nord-Troms og Finnmark var ikkje først og fremst militær taktikk. Hitler gav befaling om å føre bort heile befolkninga. Operasjonen retta seg mot dei sivile, for ein stor del barnefamiliar. Boka dokumenterer inngåande bakgrunnen for tvangsevakueringa, planlegginga, og gjennomføringa hausten 1944. Deportasjonen frå det nordlegaste Noreg blir sett i samanheng med deportasjonane frå Aust-Europa under den tyske retretten. I Noreg spela raseførestillingar om samane og «blandingsbefolkninga» inn.

Véret var godt brannhausten 1944, men påkjenningane var harde. Folk hadde tapt heim og samfunn og vart transportert ut i uvissa, i lasterom, på dekk og gjennom provisoriske transittmottak. Mange døydde, særleg spedbarn. Epidemiar spreidde seg. Eit spørsmål blir korleis fleirtalet av dei tvangsevakuerte likevel klarte seg, og korleis dei prøvde å halde saman undervegs. Boka behandlar transportane av sjuke og gamle, og det store, konfliktfylte hjelpearbeidet nedetter landet. I den siste delen blir det lagt fram nytt materiale om dei politiske reaksjonane på tvangsevakueringa - i Heimefronten, i Tromsø, London og Sverige.

Boka bygg både på lokalhistorisk litteratur, og på tyske, norske og britiske arkivkjelder og forskning. Mykje av arkivstoffet har til no ikkje vore kjent, eller har vore lite utnytta. Arkivstoffet kastar lys over historiene til dei tvangsevakuerte, og kan vere med å forklare korfor tvangsevakueringa vart gjennomført slik ho vart.

Dette er den mest fullstendige framstillinga av tvangsevakueringa til no. Hausten 1944 vart Noreg delt i to. Folk i nord og folk lenger sør vart brått ført saman, og Nord-Troms og Finnmark fekk ei anna historie enn resten av landet.

Forfattar Ingunn Elstad er professor emerita ved Universitetet i Tromsø, UiT Noregs arktiske universitet.

Bokdetaljer

Forlag Orkana akademisk

Utgivelsesår 2020

Format Innbundet

ISBN13 9788281044425

EAN 9788281044425

Omtalt tid 1939-1945

Omtalt sted Troms og Finnmark

Språk Nynorsk

Sider 542

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket