Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Sunnhordland er det geografiske sentrum for romanhandlinga som går føre seg på tidleg 1800-tal. Folket på garden Bastaland er uroa for både eldstesonen Lambrigt, som er utskriven som soldat, og dottera, Sara Lisbet, som er sjuk. Sikfus reiser over sundet for å hente offiseren Burgraff med håp om at han kan hjelpe Sara Lisbet. Dette er det sjette bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter (2001).
Omtale fra forlaget
I det sjette bandet i den storfelte historiske romanserien Tusen vårar er handlinga lagt til ufredstidene i byrjinga av 1800-talet. Det er "dei tider korsikanaren fór som eit uvêr over land nede i Europa", og sjølv i Sunnhordland merkar ein napoelonskrigane. Eldstesonen på garden Bastaland er utskriven som soldat, og ingen veit om han er i live. Men det er i det nære ein lever .; i Vårherres urtegard. Med meisterhand teiknar Johannes Heggland eit vitalt og mangfelt bilete av livet i ei vestlandsbygd i ei omskifteleg tid. Nytt brytest mot gamalt, son mot far, ættetradisjon mot fridomslengt, haugianisme mot kyrkjemakt. Og sentralt står menneska: Prosjektmakaren Gitle som lét seg freiste av nye tankar og gapar høgare enn det som klokt er, Sara Lisbet som må seie nei til husmannsguten Mikkel .; han er slett ikkje god nok for Bastaland-folket. Og Askjell som må velja mellom det hjartet ynskjer og det som tener framtida til garden han skal erve. Vårherres urtegard er det sjette bandet i serien Tusen vårar , men er ein heilt sjølvstendig roman."Forteljaren Heggland glitrer som knapt nokonsinne tidlegare - i sitt 88. år! Dessutan: Språket hans, som er blitt meir dialektprega, er så presist, så bilderikt, så finstemt at det berre er å gje seg over."Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788205380561
EAN 9788205380561
Serie Tusen vårar (6)
Genre Historisk litteratur
Omtalt tid 1800-tallet
Omtalt sted Hordaland
Språk Nynorsk
Sider 278
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket