Omtale fra forlaget
Denne boka er tilgjengelig i en gratis open access-utgave på noasp.no. Det er mykje tru på Vestlandet. Vestlendingane trur på seg sjølve, og dei trur på kvarandre. Meir enn dei fleste andre her i landet trur vestlendingen dessutan på Vårherre. Trua gjer noko med oss. Ho kan gjere oss konservative eller radikale, liberale eller intolerante, undrande eller skråsikre. Alt dette finn ein på Vestlandet. Slik vert det fordi trua ikkje er åleine om å forme livet. Vi lever i ein kontekst, ein samanheng. For vestlendingen er konteksten sett saman av alt frå stormande hav og snødekte fjell til eit talemål som aldri let seg påverke særleg mykje av det som kom frå hovudstaden. Denne boka formidlar ny forståing av levande religiøse tradisjonar i møte med store kulturelle endringar. Særdrag ved nyare vestnorsk historie vert studert i samanheng med den nasjonale utviklinga. Kva gjer auka individualisering, demokratisering og pluralisering med oss?
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788202686529
EAN 9788202686529
Serie Kyrkjefag profil (36)
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 421
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket