Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tek for seg materialkvalitet i samband med båtbygging. Omtalen av materialane har ein allmenn karakter, men boka gjennomgår også mange detaljar og tek for seg krav til materialar i dei ulike delane av ein båt. Boka er skriven for dei allment interesserte. Framstillinga er samstundes slik at dei som arbeider med båt, kan finne svar på mange spørsmål. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Denne boka tek for seg materialkvalitet i samband med båtbygging. Omtalen av materialane har ein allmenn karakter, men i boka gjennomgår vi også mange detaljar og tek for oss krav til materialar i dei ulike delane av ein båt. Hovudtyngda i framstillinga ligg på dei opne, klinkbygde farkostane. Det er desse som etter tradisjonen er å kalle for båtar, men vi ser òg litt på materialkravet til dekte farty som er bygde i kravell. Grunnlaget for boka ligg i dokumentasjonsprosjekt i regi av Handverksregisteret, i det som gamle båtar syner, i intervju og i ein god del praktisk røynsle med å byggje båtar. Forfattaren har vore involvert i fleire typar, men det er geitbåten frå Nordmøre han har bygd flest av.
Boka er skriven for allment interesserte, jamvel om ho òg er rik på detaljar. Nettopp i dei intrikate detaljane bur det ofte innsikt av allmenn verdi. Den materialforståinga som båtbyggjarane praktiserer, er det òg mange andre som har bruk for. Alle som steller med skog og tre, vil finne noko til nytte eller å undre seg over. Båtar og båtbygging står for ei omfattande kulturell pakke som har interesse langt ut over sjølve båten.
Framstillinga er samstundes slik at dei som arbeider med båt, kan finne svar på mange spørsmål. Det gjeld for dei som byggjer, men òg for dei som skal halde ved like, reparere eller rigge.
Dessutan står båten sentralt i det vi kan kalle identitet eller sjølvkjensle her til lands. Det heiter at vi er fødde med ski på beina. Det er rett nok, men det var vel om bord i ein båt det heile skjedde. Det var der vi kom til?
Forlag Landbruksforl.
Utgivelsesår 2001
Format Innbundet
ISBN13 9788252924039
EAN 9788252924039
Språk Nynorsk
Sider 129
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket