Omtale fra forlaget
Eitt hus, fire familiar og eihending som forandrar altAlle i huset har kvar sine arr som smertar dei. Faren Marinus og barna Aurora og Kaspian saknar mora som rømte frå dei. Inni sjelene skjuler Enara og dottera Sirje sin store løyndom. Sorg og einsemd har tatt alle fargar bort frå verda til den unge Viktor. Den gamle pianistinna Madame Iris har mista musikken i sitt liv.Ein dag bed den femten år gamle Aurora alle i det store, gamle huset til middag, og dei tar eit famlande steg inn i liva til kvarandre. Om natta barkar torevêret laust så det buldrar og brakar i huset. Da dei vaknar om morgonen, er Sirje forsvunnen – jenta som aldri går åleine nokon stad – og dei må alle hjelpast åt om dei skal finne henne att. «Torebrak» er ei hjartegripande historie der utrulege ting, som ingen kunne førestille seg, verkeleg hender.
Forlag Orkana
Utgivelsesår 2025
Format E-bok
ISBN13 9788281046320
EAN 9788281046320
Språk Nynorsk
Sider 150
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket