Tiriltunger og brennenesler

ho Brita Moste og andre små soger

av (forfatter) og Kåre Øvregard (illustratør).

Norske bøker 2007 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Handlinga i denne boka er lagt til tida mellom 1930 og slutten av andre verdskrigen, og boka skildrar kvardagslivet på ein liten gard på Vestlandet. Du får høyre om dagar med leik og moro og om dagar med styggevær og sjukdom. Boka gir eit bilete av livet i ei lita grend i dette tidsrommet.

Omtale fra forlaget

Om boken:
Hendingane i denne boka tek oss attende til åra frå 1930 og fram til tida like etter andre verdskrigen.
Me opplever spanande dagar med leik og moro over solfylte stølsvollar, men og dagar då styggevær og sjukdom rådde grunnen i fjellheimen. Her er fortalt om born sin farlege leik attmed skumle, islagde elvar, om julehøgtid og julefestar i grenda og om skule og skuletid som ikkje alltid var berre god for alle.
Boka fortel om born og born sine tankar og opplevingar i ei tid som var - og er såleis også ein kulturhistorisk dokumentasjon på det daglege livet i ei lita grend.

Foreldre - og serleg besteforeldregenerasjonen - vil kjenna seg att. Dei finn forteljingar som minner om hendingar og opplevingar frå eigne barneår - og som dei med eigne ord kan fortelja om til glede for den oppveksande slekta!
Om forfatteren:
Kåre Øvregard, fødd 19.02.1933 er yngstemann i ein syskenflokk på ti - fødd og oppvaksen på ein husmannsplass i Jostedal.
Han har i alle år delteke aktivt i idretts- og ungdomslagsarbeid. Han er også politisk engasjert og var mellom anna ordførar i heimekommunen og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane fylke i tolv år (1975-1989).
Kåre Øvregard er serleg interessert i lokalhistorie, noko som har ført til at tre lokalhistoriske bokverk knytt til Luster kommune har tidlegare kome frå hans hand:
I tillegg til arbeidet med desse fakta-bøkene har Kåre Øvregard -som sjølv er fødd og oppvaksen på ein liten husmannsplass i Jostedalen der han tok del i det daglege arbeidet ute og inne sommar som vinter . tileigna seg fyrsteklasses og sjølvopplevd kjennskap til miljøet han no skriv om.

Bokdetaljer

Forlag Norske bøker

Utgivelsesår 2007

Format Innbundet

ISBN13 9788281120853

EAN 9788281120853

Omtalt tid 1939-1945 1918-1939

Omtalt sted Sogn og Fjordane

Språk Nynorsk

Sider 213

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket