Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka startar nesten som ei detektiv-historie, og sklir gradvis over i ei slags Kafka-liknande røre. Likevel likte eg den godt, kanskje først og fremst på grunn av dei gode og levande skildringane av miljø og situasjonar.
To poetar kjem i ein heftig diskusjon om poesi og anarkisme, det ender med at den anarkistiske av dei, Mr. Gregory, inviterer diskusjonsmotstandaren sin, Mr. Syme, med på eit anarkistmøte. I dette løynlege møtet skal det velgast ein ny representant til det europeiske anarkistrådet. Dette rådet har sju medlemmer, alle med vekedagar som kodenamn, og det er setet som «torsdag» som er ledig.
Dette er opptakta til det som synest å vere ei spanande detektivforteljing. Eller ein spionroman? Eller ein thriller? Etter kvart blir historia meir og meir surrealistisk, og det blir vanskeleg å plassere den i ein sjanger-bås. Men forteljinga er fengslande, og godt fortalt. Berre mot slutten ramla eg litt av lasset. Det synest også som om forteljinga kan vere ein allegori for eit kvart, utan at eg tør å ta på meg på peike på kva det skal vere.
Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, der opplesaren gjorde ein framifrå jobb.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketModerate strength is shown in violence, supreme strength is shown in levity.
(Chapter XIV)
"There again," said Syme irritably, "what is there poetical about being in revolt? You might as well say that it is poetical to be sea-sick. Being sick is a revolt. Both being sick and being rebellious may be the wholesome thing on certain desperate occasions; but I'm hanged if I can see why they are poetical. Revolt in the abstract is--revolting. It's mere vomiting."
(Chapter I)
"You can find good English inns left by accident everywhere, like fossils," explained the Professor. "I once found a decent place in the West End."
(Chapter VIII)