Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I utgangspunktet burde dette kunne bli ei kjempegod bok. Den blir fortalt frå framtida, frå år 2632, der historikaren Andrew Meredith gjer greie for at det har blitt funne eit manuskript, Everhard-manuskriptet, frå 1900-talet, og som skildrar hendingar i tidsromet 1908-1932 som leiar fram til eit 300 år langt tyrannisk oligarki-styre i Nord-Amerika.
Forfattaren bak manuskriptet, Avis Everhard, er ei akademikardatter som blir kjærasten til og etter kvar ektemaken til Ernest Everhard, ein kommunistleiar. Boka blei gitt ut i 1908, og forfattaren malar ut med brei pensel ei nær framtid der demokratiske styreorgan blir satt til side av kapitalmakta. Ekteparet Everhard må etter kvart gå under grunnen for å kunne drive politisk verksemd, og etter kvart også planlegge revolusjon.
Store delar av boka gjeng med til å eksemplifisere kor grusom og inhuman den kapitalistiske samfunnsordninga er, og til å forklare korleis evolusjonen etter kvart vil tvinge fram sosialisme som det einaste berekraftige styresettet. Dermed får heile boka preg av eit ideologisk kampskrift, heller enn av ei velfortalt og spanande historie. Den største verdien eg ser av å ha lest den, er å ha fått eit innsyn i rådande tankegods i den amerikanske kommunistrørsla for 100 år sidan (i den grad London måtte gjenspegle dette). Men som underhaldningsroman var den ein skuffelse.
Eg høyrde denne som lydbok, og den var lest inn av Matt Soar. Han nytta ei slags lavmælt snerrande, og innimellom nærmast kviskrande, stemme som sikkert var meint å stå til stemninga i boka, men som gjorde lyttinga meir utfordrande enn naudsynt.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketThere is a greater strength than wealth, and it is greater because it cannot be taken away. Our strength, the strength of the proletariat, is in our muscles, in our hands to cast ballots, in our fingers to pull triggers. This strength we cannot be stripped of. It is the primitive strength, it is the strength that is to life germane, it is the strength that is stronger than wealth, and that wealth cannot take away.
"I chucked off the belt with my right hand," he said, "an' made a reach for the flint with my left. I didn't stop to see if the belt was off. I thought my right hand had done it—only it didn't. I reached quick, and the belt wasn't all the way off. And then my arm was chewed off."
"It must have been painful," I said sympathetically.
"The crunchin' of the bones wasn't nice," was his answer.