Forlag Dover Publications Inc.
Utgivelsesår 1964
Format Heftet
ISBN13 9780486210995
Språk Engelsk
Sider 147
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Flott bok om stjernehimmelen. Ho er no ikkje av nyare dato, kom fyrst ut i 1907, men mi reviderte utgåve er frå 1964. No seier eg ikkje at du som er fødd i 1964 er veldig gamal, men det er no begynt å bli ei stund sidan. 😊 Eg har funne at at forfattar Martha Evans Martin var ein pedagog som ville nå ut til barn og ungdomar med interesse for astronomi. Det var ho som aleine gav ut boka i 1907. I forordet til 1964-utgåva skriv den kjende amerikanske astronomen og astrofysikaren Donald Howard Menzel at han som barn las The friendly stars og boka blei ein viktig motivasjon for han vidare. Derfor stod han bak revisjon og nyutgjeving av boka, sidan Martha Evans Martin døydde i 1925.
Boka tek føre seg i hovudsak den nordlege stjernehimmelen, men går også kjapt gjennom stjerner og konstellasjonar i sør. Vi får lære om dei 9 klåraste stjernene i eigne kapittel: Capella, Arcturus, Spica, Vega, Deneb, Altair, Antares, Formalhaut og Aldebaran. Deretter kapittel om stjerner i Orion, Tvillingane og Store og Vesle Hund. Vidare les vi om kor mange stjerner som finst, korleis dei fekk og får namn, lyset dei sender ut og avstanden til dei. Siste del av boka tek føre seg stjernene i dei dominerande stjernebileta, mellom anna Store -og Lille Bjørn, Cassiopeia, Cepheus, Perseus, Pegasus, Andromeda og Tyren.
Sjølv om boka opprinneleg var skriven for barn og unge, eg vil tru mest for unge, så er det så pass mykje informasjon iallefall i utgåva frå 1964 at det var meir enn nok for meg. Samstundes er språket poetisk og nært. Vi følgjer årstidene, og forfattaren ser opp på stjernene og ned på bakken og knyter årstidene og det nære på bakken til det vakre på stjernehimmelen. Blomar som er å sjå nett på same tid som den og den stjerna viser seg, trekkfuglar som kjem ilag med eit kjært lys der oppe og kva stjernebilete ho kan sjå frå soveromsglaset sitt.
Det er klart at boka ber preg av å vere så pass gamal, men eg likte ho uansett godt og lærte mykje av å lese ho.
Foresten er det på bakerste sida limt inn eit stort, utbrettbart kart over stjernehimmelen.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket