Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Gamal og god science fiction-historie frå H.G. Wells. Den pragmatiske og opportunistiske Mr. Bedford har hatt uhell i forretningar og har flytta til ei aude bygd i Kent for å prøve seg på å skrive eit skodespel. Her møter han den idealistiske og geniale vitskapsmannen Mr. Cavor, som prøver å lage eit materiale som kan blokkere tyngdekrafta. Dette greier han, og dette umake paret gjeng i kompaniskap om å bygge ei metallsfære dekka av dette materialet. Ved å blende av delar av overflata kan ein få sfæra til å sveve dit ein vil, og desse karane vil til månen.
Ein må berømme Wells for dei fantasirike og levande sklidringane av denne eventyrlege ferda. Han har tydelegvis også hatt ein viss interesse for naturvitskap, mange av forklaringane på korleis ting virkar ber bod om dette. I utgangspunktet ventar dei ikkje å finne noko teikn til liv på månen. Men sjølvsagt er der liv, noko anna går ikkje an i ei bok av dette kaliberet. Og for eit liv! Dei to mennene har ganske ulik tilnærming til erfaringane dei gjer på månen, og dette får ganske dramatiske konsekvensar for retur-reisa til jorda.
Alt i alt ei knallgod røvarhistorie som det er vel verdt å bruke tid på. For science fiction-entusiastar (eg reiknar meg ikkje for dette sjølv) kan det sikkert vere moro å reikne opp seinare bøker og/eller filmar som har lånt element frå denne boka. Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, opplesaren gjorde ein heilt grei jobb. Dette er forøvrig den 2. Wells-boka eg høyrer, det må nok bli fleire.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket"I suppose no one," he said, "is absolutely averse to enormous wealth. ..."
(Chapter 1)
"Confound it!" I cried; "I'm a fool! What business have I here? I'm not
coming, Cavor. The thing's too risky. I'm getting out."
"You can't," he said.
"Can't! We'll soon see about that!"
He made no answer for ten seconds. "It's too late for us to quarrel now,
Bedford," he said. "That little jerk was the start. Already we are flying
as swiftly as a bullet up into the gulf of space."
(Chapter 4)