Omtale fra forlaget
Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 8 Lærarrettleiing er eit fellesspråkleg, spiralinnbunde hefte med arbeidsark til alle kapittel og til Verktøykassa, repetisjonsoppgåver, prøver og fleire «grublisar». Her er også fasit til leksedelen og prøvene. Nokre innhaldspunkt som gjeld for alle tre trinn: - generell del med det pedagogiske grunnlaget for verket - gjennomgang av kvart kapittel med fasit til dei ulike oppgåvene - arbeidsark til kvart kapittel - repetisjonsark til kvart kapittel - arbeidsark til Verktøykassa - kapittelprøver i to ulike utgåver: differensiert prøve og todelt prøve - ekstra oppgåver - fasit til leksene i elevboka - arbeidsarka med påskrift av fasit
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788252166699
EAN 9788252166699
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 360
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket