Omtale fra forlaget
Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 9 treningshefte (interaktiv d-bok) er eit oppgåvehefte i digital form for elevar som treng eit enklare opplegg. Den interaktive d-boka inneheld dei same oppgåvene som papirheftet og har same oppbygging som grunnboka. Det er både interaktive og sjølvrettande oppgåver i boka, og alle svar kan lagrast.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2017
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211023186
EAN 9788211023186
Språk Nynorsk
Sider 96
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket