Omtale fra forlaget
Uprisen-vinnar tilbake med ny sci-fi.
Mot slutten av 2000-talet stod menneskeslekta på kanten av stupet. Verdas nasjonar hadde svikta i kampen mot klimaendringane, samtidig som ein ny trussel vaks fram: den første kunstige intelligensen.
Han fekk namnet Alpha-intelligensen, og gjennom internettet sine knutepunkt og bakdører gjekk han til angrep på verdas land og organisasjonar. Men medan verdssamfunnet knela i møtet med den nye fienden, slo dei aller rikaste menneska på kloden seg saman og tok opp kampen.
Dei vann krigen mot Alpha-intelligensen. Dei stoppa klimakrisa. Og no blir dei dyrka og sett opp til over heile verda - som udødelege heltar.
I eldgamle Istanbul, der krigen enda, leitar to ungdomar etter svar på kvar sin kant. Ingrid frå Noreg skal møta arkeolog-onkelen sin, medan
den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne. Snart kryssar vegane til Ingrid og Zeki seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel. For falne fiendar kan reisa seg igjen.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format E-bok
ISBN13 9788234007972
EAN 9788234007972
Genre Dystopier Fantasy
Omtalt tid 2050-2099 2150-2199
Språk Nynorsk
Sider 318
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket