Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka ser på den teoretiske tankegangen bak temarorganisering i småskolen og gir praktiske døme på korleis ein kan gå fram når ein må prøve ut denne nye måten å organisere skoleåret på. Boka er tiltenkt personale som treng etterutdanning på området og studentar. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Temaorganisering er eit sentralt prinsipp for småskolesteget. Det radikalt nye med L97 er at den integrerte, tverrfaglege temaundervisninga skal dominere på småskolesteget, særleg dei to første åra. Opplæringa innanfor einskildfaga skal gå inn som delar av meiningsfulle integrerte, tverrfaglege tema. Temavala skal ta omsyn til elevinteresser og lokalmiljø og samstundes dekkje hovudmomenta i ti skolefag. Dette stiller store og til dels nye profesjonelle krav til personalet ved den einskilde skolen. Dei må utvikle gode fireårsplanar for småskolesteget. Lærarane treng relevante pedagogiske, didaktiske og fagdidaktiske kvalifikasjonar innanfor alle skolefaga for å finne gode tema og vurdere korleis ulike arbeidsmåtar passer i høve til dei nye målområda og hovudmomenta. I denne boka møter lesaren både den teoretiske tankegangen bak temaorganiseringa og mange praktiske døme på korleis ein kan gå fram når ein må prøve ut desse heilt nye måtane å organisere skoleåret på. Boka er tiltenkt personale som treng etterutdanning på området, studentar i allmennlærarutdanninga og vidareutdanningsstudentar i småskolepedagogikk (PAPS). Arne Trageton er førsteamanuensis i pedagogikk. Frå 1986 har han leia vidareutdanninga i småskolepedagogikk (PAPS) ved Høgskolen Stord/Haugesund, og dei siste åra er det temaorganisering på småskolesteget han har arbeidd spesielt med.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788276746723
EAN 9788276746723
Språk Nynorsk
Sider 256
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket