Omtale fra forlaget
Denne detaljrike boka handlar om det som er utanpå husa . tekking og kleding med materialar og leggjemønster som vi finn eller som fanst på hus i Noreg. For den som skal restaurere, vil boka såleis vera til stor nytte. Samanlikna med det vi ser i mykje av nyare hus, er dei gamle teknikkane påfallande varige. Spon på stavkyrkjer kan liggje i fleire hundre år. Kledningar frå tidleg på 1800-talet kan vera like gode som nye, medan kledningar lagde berre for 20 år sidan, rotnar. Mange vil difor nytte seg av eldre byggjemåtar, også av di dei er vakre. Mindre varige løysingar, men som nyttar kortreist råstoff så som lyng, ris, granbork og halm, er også med i boka. Største delen av boka er skriven av Jon Bojer Godal, men han er godt supplert av Aadne Sollid, Einar Engen, Grete Holmboe, Jørn Berget, Roald Renmælmo og Trond Oalann, medan Steinar Moldal har teikna dei fleste illustrasjonane. Dei har alle vore aktive i arbeid med å dokumentere byggjeskikken vår.
Forlag Akademika
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788232100392
EAN 9788232100392
Språk Nynorsk
Sider 381
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket