Omtale fra forlaget
I denne boka tar forfattarane opp talemålsendringar i Norden dei siste to hundreåra, dvs. endringar i ein .periode som vi har nokså gode kjelder frå og dermed kan uttale oss presist om når det gjeld både språk og samfunn. Dét er til hjelp når vi skal prøve å forstå vilkåra for språkendring. Boka gir parallelle framstillingar, noko som gjer det muleg å lese og å arbeide kompara.tivt. Det er viktig når ein vil skaffe seg sikrare innsikter.
Boka inneheld artiklar om alle dei nordiske språka, og beskrivingane av norsk tar for seg enkeltregionar. Språkendring i byar og industristadar er drøfta for seg. I tillegg er her generelle drøftingar av forholdet mellom samfunn og språk, av språkbruk i det offentlege rommet, og ei utgreiing om kjelder til studiet av demografiske endringar i befolkninga.
Initiativet til denne boka kom frå prosjektet Norsk språkhis.torie. Ei tilsvarande bok om perioden før kom i 2011: Helge Sandøy & Ernst Håkon Jahr (red.), Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525-1814).
Forfattarane i Talemål etter 1800 er Kristján Árnason, Edit Bugge, Tove Bull, Frans Gregersen, Stian Hårstad, Ann-Marie Ivars, Tor Erik Jenstad, Janne Bondi Johannessen, Oddvar Nes, Agnete Nesse, Randi Neteland, Jenny Nilsson, Erik Magnusson Petzell, Rune Røsstad, Helge Sandøy, Halvard Skiri, Sverre Stausland Johnsen og Eivind Weyhe.
Forlag Novus
Utgivelsesår 2015
Format Heftet
ISBN13 9788270998432
EAN 9788270998432
Omtalt tid 1900-tallet 1800-tallet 2000-tallet
Omtalt sted Norden
Språk Bokmål Nynorsk Flerspråklig Dansk Svensk
Sider 464
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket