Omtale fra forlaget
Med Chile i hjartet.
Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere.
Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format E-bok
ISBN13 9788234001246
EAN 9788234001246
Språk Nynorsk
Sider 285
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg høyrer ikkje til her. Ingenting held meg fast. Eg får ei kjensle av at eg ikkje veit kven eg er når eg er ein annan stad.
Eg ser opp. Over meg strekkjer eit jakarandatre dei nakne greinene sine. Kvistene er fulle av blåfiolette blomstrar. Mange ligg strødde på fortauet, Tause, blå munnar.
4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket