Omtale fra forlaget
I Syn og Segn finn du artiklar om det meste. Slik har det forresten vore sidan byrjinga i 1894. I den nye utgåva av Syn og Segn kan du lese om alt frå humanisme og flørting til musikk og korallrev, og mykje, mykje meir.
Dans er fest og moro og får deg til å skratte høgt - slik han også er med på å gjere oss til betre borgarar. Skal vi danse meir? spør Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn.
Korleis har #metoo-kampanjen påverka flørten og det erotiske spelet mellom kjønna? Ylve Gudheim i prat med psykolog Fanny Duckert.
Bente Sandvig har kjempa mot kyrkja si makt i det norske samfunnet. - Vi har ikkje ei statskyrkje lenger, men vi har noko som liknar fælt, seier Bente Sandvig - i samtale med Linn T. Sunne.
Kva skal musikken utrette utover det reint musikalske? Finst ei djupare meining med han? Odd Nordstoga, Sandra Kolstad, Tor Espen Aspaas og fleire skriv om krafta i musikken.
Utan å vite kva som er på havbotnen, er det umogleg å verne. Det er så mange som vil bruke havet, slik at vi skal få breiflabb på tallerkenen og bensin på bilen, skriv Silje Pileberg - som blei med forskarar på jakt etter korallreva i norskehavet.
Det er jo så opplagt at vi må ta vare på naturen, at vi må dyrke med klokskap og visdom, det er så sabla opplagt at det er øydeleggande å øydelegge! - skriv Bergljot Kaslegard.
I tillegg kan du lese glitrande tekstar om menn og strikking, av Sturla Pilskog, om kvinnebrølet, av Ingunn Thon, og korleis du kan bli betre til å trylle fram ord - av Øystein Søtvik Rekstad.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788252198225
EAN 9788252198225
Språk Nynorsk
Sider 106
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket