Omtale fra forlaget
Identitet og politikk får pulsen til å stige og kommentarfelt til å ta fyr. I den nye utgåva av Syn og Segn inviterer vi lesarane til ta eit steg tilbake og har fått fire forfattarar til å reflektere over kvifor kven vi er, og korleis andre ser oss, er så viktig.
Elles skriv filosofiprofessor Jon Hellesnes om filosofisk skepsis og økonomisk svindel. Litteraturkritikaren Eivind Myklebust skriv om fisk og familieforviklingar i Stein Torleif Bjellas «Fiskehuset» og Lars Ellings «Fyrstene av Finntjern». I teksten «Mitt Russland» fortel Katarina Goldfain Johnsen om sorga over eit andre heimland som kjenst uendeleg langt unna. Ho er norsk-russisk, har vore aktiv i AUF og har jobba for Arbeidarpartiet på Stortinget.
Synest du også at nynorsk er fint i dikt?
Denne gongen trykker Syn og Segn to nyskrivne dikt. Eit av Ellen Løvhaug Harrison, som er eit nytt namn for mange, og eit av den prisløna forfattaren Laura Djupvik.
Fotokunstnaren Linda Bournane Engelberth har teke bilete til temadelen om identitet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788234009167
EAN 9788234009167
Språk Nynorsk
Sider 98
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket