Syn og segn. Hefte 2-2024

tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

av (redaktør).

Samlaget 2024 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Politisk polarisering Syn og Segn om Tyskland Årets andre utgåve av Syn og Segn handlar om Tyskland. Humorforskar Kai Schwind skriv om eit tema mange undrast over, men som få har kunnskap om – kva er eigentleg tysk humor? Schwind forklarar kva tyskarar ler av, kven dei ler av og gir ei systematisk innføring i  tysk humors historie frå Weimar-republikkens tid og fram til våre dagar.Bjarne Våga, som er kunsthistorikar og leiar for Galleri Würth, skriv om biletkunst i DDR.Bjørn Hatterud fekk stor suksess med boka Mjøsa rundt med mor. No er han i gang med ei ny bok, og denne gongen skriv han om far sin. Det handlar om ein familie, om store landsbruksmaskinar og om kjærleik til den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr.Syn og Segn-redaktør Astrid Sverresdotter Dypvik skriv om korleis det tyske politiske livet blir prega av framgangen til det radikale ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD).  I Europavalet denne helga fekk partiet sitt sterkaste resultat nokon gong. heile 15,9  prosent av dei tyske veljarane stemte på partiet.Historikaren Håvard Klyve Parr skriv om erindringar og om den tyske filmregissøren Lutz Beckers omstridde dokumentarfilm Swastika frå 1973. Syn og Segns faste litteraturkritikar  Eivind Myklebust skriv om Walter Kempowski, som er ein av tyske etterkrigstidas største stjerner, men som framleis ikkje er omsett til norsk. I tillegg har nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre skrive ein personleg tekst om korleis Arne Garborgs litteratur har prega familien hans gjennom fleire generasjonar. Ingrid Kleiveland Vevle skriv om Halldis Moren Vesaas dikt Mødrehender, og om sin eigen irritasjon over diktet. Harald Stanghelle skreiv i Syn og Segn første gong i 1974. No er han tilbake i spaltene med tekst om Noreg, Israel og Palestina.  Forfattaren Günel Mövlud fortel om kvifor ho vart nøydd til å rømme frå heimlandet Aserbajdsjans og om korleis ho enda opp i Noreg. 

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2024

Format Heftet

ISBN13 9788234013263

EAN 9788234013263

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket