Omtale fra forlaget
UNNTAKSTILSTAND: I Syn og Segn nummer 2-20 utforskar skribentane krise og korona frå ulike ståstader. Her er dikt av mellom andre Frode Grytten, Jon Fosse og Kristina Leganger Iversen, artiklar om pest, sjukdom og død av Aina Basso og Arnhild Skre, essays av Kristin Sørsdal og Jan Inge Sørbø.
REISE: Forfattarane Kristin Fridtun, Arnhild Skre og Kristin Sørsdal har skrive om å reise, men med tre heilt ulike utgangspunkt. Medan Fridtun tek føre seg mangelen på utferdstrong og ser nærare på heimfødingen som fenomen, skriv Skre fram forteljinga om då Hulda Garborg måtte reise heim frå Europa med venninna Fernanda Nissen i ei urne. Sørsdal tek oss òg med nedover i Europa og skildrar kontrastane mellom å reise som flyktning og å reise som turist - og korleis koronakrisa kan opne for det uventa.
KRISEPOESI: Tharaniga Rajah vart sjølv råka av sjukdommen. Då ho låg åleine heime i leilegheita si og ikkje fekk puste, skreiv ho eit dødsdikt. Frode Grytten skriv fram ein merkeleg dag i april, der store og skumle hendingar ute i verda møter det nære og vakre i eit sterkt langdikt. I tillegg kan du lese dikt av Jon Fosse, Kjersti Wøien Håland, Kristina Leganger Iversen - og ei vise signert Kjartan Fløgstad.
NOVELLER: Alf Kjetil Walgermo har skrive ei var novelle frå kyrkjerommet frå eit presteperspektiv og Gaute Sortland har utforska fenomenet survivalism eller prepping og kva det vil seie å bli sjukeleg oppteken av å førebu seg på alle verdas katastrofar som aldri kjem til å skje - eller gjer dei?
I tillegg kan du lese Morten Søberg om den siste riksrettssaka i Noreg med ei økonomisk krise som bakteppe, Unni Eikeseth om kva virus eigentleg er, Ingrid Senje sine observasjonar frå eit vindauge i Milano og eit essay om den makelause Fru Gustavsen, signert Jan Inge Sørbø.
God sommarlesnad!
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788234003219
EAN 9788234003219
Språk Nynorsk
Sider 95
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket