Omtale fra forlaget
Kjernefysikk og pengar, polonium-210 og kommunereform!
Stor samtale med Afghanistan-ambassadør Shukria Barakzai, som heile sitt vaksne liv har kjempa for rettane til kvinnene i heimlandet. Temaartiklar om barneoppdraging ved ekspertane Håvard Nyhus, Ragnhild Laird Iversen og Assad Nasir. Alice Gudheim har snakka med professor Einar Lie om det kontaktlause samfunnet, og Lie gjev sin skjerv til diskusjonen. Debatten om kommunereform lever vidare: Vegen ut av fella er ikkje større kommunar, men sterkare regionar, skriv professor emeritus Harald Baldersheim.
Og kva betyr det å sparke nedover, spør nestleiar i Norges Handikapforbund, Toril Heggen Munk. Svaret finn du kanskje i Syn og Segn. Eksklusiv samtale med Marina Litvinenko, enka etter den tidlegare FSB-agenten Aleksandr Litvinenko, som vart forgifta og drepen av russiske styresmakter. Fotograf Trygve Indrelid har vore i Fresvik i Sogn, og forfattaren Brynjulf Jung Tjønn har sett tekst til bileta. Du trur kanskje du veit korleis universet vart til? Men veit vi så mykje som vi trur? Forskar Jørgen Eriksson Midtbø gjev deg svaret. Og som om ikkje det skulle vere nok: Gjesteteiknaren denne gongen er Randi Matland.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788252194500
EAN 9788252194500
Språk Nynorsk
Sider 98
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket