Omtale fra forlaget
Norsk klassikar som nydeleg gåvebokSymra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur. Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er «Nordmannen», ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår eigentlege nasjonalsong. I høve 150-års jubileet for 1875-utgåva gir Samlaget no ut Symra som nydeleg gåvebok, utstyrt med eit forord av Runar Gudnason frå Side Brok.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788234015298
EAN 9788234015298
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketI 1836 var sjølvdommen hans stutt og fyndig denne:
Du spilder Tiden, værd at bruges be´re
Og spilder Hjernens lille Kraft omsonst,
Hvem skal vel Stykker af dit Værk citere,
Af hvem berømmes skal din Flid og Kunst?
Kun af en Slægtning i Familjekrogen,
Og af en Ven, ifald du havde Nogen.
Han sa alltid frå at diktar, det var han ikkje, og ingen andre ville heller rekna han for diktar, la han jamnast til. I eit brev frå 1. sept. 1882 skreiv han: "For det første har jeg nu meget imod at blive medregnet blandt Digtere; thi om jeg end har skrevet adskillige Vers, har jeg dog ikke villet sætte noget Navn paa dem; og jeg har endog været meget ærgerlig over, at man imod min Villie har sat mit Navn paa enkelte saadanne Vers."
I eit brev frå 29. juni 1885 skreiv Aasen om lag det same, men han la dessuten til at " jeg har meget imod at blive omtalt imellem de norske Digtere". "Jeg har ikke villet give mig ud for nogen Digter, og jeg kan just ikke troe, at de rette Digtere ville ansee mig som en af deres Jævnlige".
11 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket