Symptom og meining

moderne psykosomatisk tankegang

av (forfatter), Lilleba B. Lian (forfatter) og Denise Hunderi (illustratør).

Fagbokforlaget 2004 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

I boka er det lagt vekt på å nytte kunnskap frå mange hald for å betre forstå menneskelege sjukdommar og plager. Forfattarane har lagt vekt på ein holistisk tenkjemåte i sine forklaringar. I første del presenterast forskjellige teoriar og modellar. Ved bruk av ulike kliniske døme blir disse diskuterte i høve til teoriane og effektive tiltak. Boka er tilrettelagd for studentar og andre som arbeider med dette temaet. Med stikkordsregister.

Omtale fra forlaget

Etter mange års studiar og klinisk arbeid har forfattarane av denne boka vorte opptekne av kor viktig det er å nytte kunnskap frå mange hald for å forstå menneskelege sjukdommar og plager. I denne boka vert det lagt vekt på ein holistisk tenkjemåte, ikkje berre på eitt favorisert forklaringsprinsipp. Etter at første delen presenterer ulike teoriar, fortel forfattarane levande historier om oppseding til reinsemd, funksjonelle plager og alvorlege somatiske symptom. Desse blir diskuterte i høve til teoriane og høvelege tiltak. Boka kan tene som bindeledd mellom den detaljkunnskapen ein får i grunnbøker i fysiologi, psykologi og sjukdomslære. For å få fram bodskapen bruker forfattarane mange kliniske døme som forklarer teoriane og viser ulike effektive tiltak. I skriveprosessen har delar av boka vore nytta i undervisning av helsepersonell på alle utdanningssteg, av psykologar og lækjarar i psykoterapeutisk etterutdanning og av fysioterapeutar og sjukepleiarar i etterutdanningskurs. Boka er pedagogisk tilrettelagd, slik at ho skal vere lett tilgjengeleg for studentar i dei treårige helsefaghøgskulane. Asbjørn O. Faleide er dr.philos., spesialist i klinisk psykologi med psykoterapi, offentleg godkjend sjukepleiar og godkjend læreterapeut. Han har brei arbeidserfaring frå psykiatrien, har publisert fleire bøker og artiklar og arbeider til dagleg ved Psykosomatisk institutt i Oslo. Lilleba B. Lian er spesialist i klinisk psykologi. Ho har magistergrad i psykologi med klinisk tilleggsutdanning. Frå før har ho cand.scient.-grad i biokjemi med immunologi som fordjupingsområde. Ho har brei erfaring frå forsking, undervisning og klinisk arbeid og er no i distriktspsykiatrisk arbeid.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2004

Format Heftet

ISBN13 9788245001273

EAN 9788245001273

Språk Nynorsk

Sider 218

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket