Omtale fra forlaget
Sunnfjordingen - som embetsmann, bonde og husmann - er tema for denne boka med tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting. Boka fortel levande om daglegliv, arbeidsliv, levekår og folkeliv i Sunnfjord i siste halvdel av 1800-talet. Vi høyrer om spelemenn, bryllaup og festlege lag, men òg om den religiøse sunnfjordingen med tolsam innstilling til tilværet. Her møter vi høg og låg, gamle og unge, med skjemt og alvor. Alle folkelivsskildringane er på sunnfjordmål.
Nikka Vonen (1836-1933) frå Fjaler var folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar og ikkje minst, ho grunnla og dreiv ein av dei mest kjende privatskulane for jenter i si tid, "Pigeinstituttet" i Dale.
Ole Wilhelm Fasting (1852-1915) var fødd i Jølster og voks opp i Førde. Han budde mykje av livet i Bergen, men var stadig tilbake i Sunnfjord på jakt, fiske eller for å samle gode historier. Han skreiv fleire bøker som viser inngåande kjennskap til Sunnfjord og sunnfjordingen.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788282400954
EAN 9788282400954
Omtalt tid 1900-1945 1800-tallet
Omtalt person Nikka Vonen Ole W. Fasting
Språk Nynorsk Flerspråklig
Sider 135
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket