Omtale fra forlaget
«Sund på søre Sotra», ja, slik er kommunen Sund plassert, på den sørlege delen av øya Sotra vest for Bergen. Boktittelen er henta frå songen til Johannes Kleppevik, sjå baksida. Sund var tidlegare eit øy- og kystsamfunn der sjøen spelte ei viktig rolle, ved sida av det gardsbruket kunne gje. Det er eit heilt anna samfunn me møter i våre dagar. Bruer og vegar er bygde, og det har kome varierte arbeidsplassar og service- og kulturtilbod. Overgangen frå det gamle ἀske- og jordbrukssamfunnet har gått stegvis. Denne boka er ei gards- og slektssoge, og vil på sin måte gje glimt av denne forvandlingsprosessen. Band 2 inneheld om lag 900 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, ἀgurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Kleppevik, Kleppe, Forland, Sæle, Hummelsund, Vikso, Vardøyna, Opsøyna, Tyrnevika og Trellevika. Kjeldene er særs sparsame før ein kjem til andre halvdelen av 1500-talet. Brukarrekkjene går for det meste frå då og framover. Frå midten av 1600-talet er det mogleg å ἀnna ut slektssamanhengane, slik at det kan setjast opp anetavler som går tilbake til denne tida. Opplysningane i boka er førte fram til 2013.
Forlag Sund kommune
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788299152334
EAN 9788299152334
Serie Sund på Søre Sotra (2)
Språk Nynorsk
Sider 606
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket