Omtale fra forlaget
Biografien til garden Vesås i fjellbygda Vinje er mykje meir enn ei gards- og slektshistorie. I «Store spel» skildrar Arne Vinje verda gjennom garden. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, men også om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar og løyste frå sine opphavelege føresetnader.
Garden Vesås har ein plass i norsk litteraturhistorie fordi Tarjei Vesaas voks opp der, og garden viser att i forfattarskapen hans. Boka om Vesås granskar korleis denne garden kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram i den same bygda og kvifor folkekulturen blømde så rikt i eit materielt fattig samfunn.
Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine, og korleis dei sjølve blir forma av den naturen dei er del av - vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».
Forlag Skald
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788279593041
EAN 9788279593041
Omtalt sted Vinje
Omtalt person Tarjei Vesaas Vesås gård
Språk Nynorsk
Sider 331
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket