Omtale fra forlaget
«Det er altså eg som skriv bygdeboka. Di rolle blir meir som observatør. Eller vitne i ei eventuell rettssak.»
I Stør og sjampanjebrus - bygdebok for Bjølledalen losar bygdebokforfattaren lesaren fram til Bjøllestad, ei artig, men lite omtala industribygd i Hardanger. Mellom kultursoge, industrisoge, gardssoge og folkeminne stoggar vi opp ved nærportrett av levande og ikkje levande, tilbake- og framståande bjøllingar, slike som til dømes den usynlege Åsa Migrenen (1945-d.d.), fabelaktige Aslaug Sletta frå Medstrond (1960-d.d.), surpompen Magnhilds-Torsten Dalane (1928-d.d.), eller den briljante nederlandske sluseingeniøren Jan Kuuk (1898-1995). Utan meirkostnad for lesaren er boka utstyrt med personregister og matoppskrifter, i tillegg til ein kopi av «Bjøllosongen».
Forlag Kapabel
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788281632417
EAN 9788281632417
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket