Omtale fra forlaget
Skodespelar Eva Lindbo var ei stor stjerne, før ho brått trekte seg frå rampelyset. Etter det har det vore stille om henne. Den siste tida har ho budd åleine på Finnskogen.
Journalist Tuva Velid har nå fått ein intervjuavtale med henne, og meldinga frå Lindbo tyder på at ho har noko viktig å fortelja. Men da journalisten kjem til huset, finn ho Lindbo død. Politiet får raskt mistanke om at det ligg noko kriminelt bak.
Eva Lindbo har ikkje hatt kontakt med familien sin på mange år, men det kjem fram at like før ho døydde, hadde både dottera og eksmannen vore på besøk og hatt opprivande møte med henne.
Tuva Velid nøstar vidare i historia til den døde. Kvifor trekte Lindbo seg frå draumerolla? Kva var det ho hadde funne ut om sorg og overgrep?
Ein lokal slektsforskar kan fortelja at far til Lindbo, Karl Jørgensen, i 1956 vart skulda for eit drap. Han hadde i mange år vandra på Finnskogen. Eitt eller anna hadde skjedd mellom tateren Jørgensen og vennen hans av bondeslekt.
Forlag Juva forlag
Utgivelsesår 2024
Format Slide bound
ISBN13 9788230363225
EAN 9788230363225
Genre Politi og detektiver Krim
Språk Nynorsk
Sider 338
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket