Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er ei faghistorisk og samanfattande studie av lensmannsombod og lensmenn i det nordafjelske, i perioden 1660-1870. Forfattaren framstiller lensmannsombodet og tenesta si utvikling gjennom om lag 200 år, og ombudsmennene sin bakgrunn, kompetanse, rekrutteringsvegar inn i tenesta, og tilhøve til overordna i den regionale, offentlege administrasjonen. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Statstenestemann og "Almuens Formand" er den første faghistoriske og samanfattande studien av lensmannsombod og lensmenn i eit større område av landet gjennom detattande og nittande hundreåret. I så måte er det eit administrasjonshistorisk nybrotsarbeid. Undersøkinga er avgrensa til det nordafjelske, med om lag 30 % av alle lensmannsdistrikt i landet, men framstillinga har også samanliknande sideblikk til ombodsmenn og lokaladministrativ utvikling i den sønnafjelske delen av landet.
Brynjulv Gjerdåker framstiller fyrst lensmannsombodet med dei ulike rettar, plikter og administrative vilkår elles som prega tenesta gjennom om lag 200 års utvikling - til inn i den andre halvdelen av 1800-talet. Den andre delen av boka er vigd til ombodsmennene sjølve - deira bakgrunn, kompetanse, rekrutteringsvegar inn i tenesta, og tilhøve til overordna i den offentlege administrasjonen på regionalt nivå. I begge desse bolkane, men fyrst og fremst den andre, blir administrasjonshistorie som genre overskriden: Sosial- og kulturhistoriske perspektiv er med og pregar framstillinga av lensmenns samfunnsroller, virke, liv og livsverd.
Forlag Tapir akademisk forlag
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788251928038
EAN 9788251928038
Omtalt tid 1800-tallet 1700-tallet 1600-tallet
Omtalt sted Møre og Romsdal Nordland Trøndelag
Språk Nynorsk
Sider 163
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket