Springflod

Forfattarane i Møre og Romsdal

av (redaktør), Liv Randi Bjørlykke (redaktør) og Arne Ruset (redaktør).

Vista 1994 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Vista

Utgivelsesår 1994

Format Innbundet

ISBN13 9788299217743

Språk Nynorsk og bokmål

Sider 157

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Enok Kippersund:

SPRINGFLOD

Media varslar storm, stadig vekk, men her inne i fjordbotnen blir det ikkje meir av det enn nokre bråsinte elingar, ei grå flage bortover sjøen. Dei olmaste vindkasta ligg og brøler oppi ura. Dei høge fjella og den snølause vinteren trakkar pollen under seg. Himmelen er plaga og sjeldan klår. Gatelyktene begynner å skjelve på neonlyset tidleg om ettermiddagen. Skuleungane kjem skravlande nedover i flokk og følgje for å sjå når springfloda går over kaia. - Berre det ikkje når heilt opp til skulen! Ein skarv sit djupt i sjøen eit stykke frå land. Plutseleg krummar han halsen som ein slange, og med eit hogg dukkar han. Han er lenge borte. Har han sett seg fast i garnet og held på å drukne?

Trykket mot øyro aukar og blir utoleleg. Heile huset skaldrar av ein brølande motordur som veks opp og fyller alle rom. Bileta er ved å bli kasta i golvet. Han reiser seg og går ut på trappa. Flyet har stige ned i dalen og krinsar lavt over huset. Det enorme skroget er emaljekvitt, og det verdskjende spindelvev-merket på nasepartiet viser tydeleg. Det er førstestyrmannen som sit ved spakane og fører maskinen. Kapteinen sjølv står laus og ledig lenger bak i kabinen med eine handa i lomma. Dei to er som vanleg pent kledde i svarte uniformsdressar. Denne gongen flyg dei enda lågare enn dei brukar, og han er redd for at dei skal flerre opp buken mot mønet til naboen. Styrmannen pressar motorane til det maksimale og greier ein augneblink å få flyet til å hengje urørleg i lufta. Samtidig legg han det litt over på sida slik at dei om bord kan få han på trappa midt i synsfeltet. Flykroppen er ei nålepute full av små runde blanke augo som stirer og stirer. I dag er sonen og den vesle sonedottera mellom passasjerane. Kinn mot kinn trykkjer dei panna mot vindauget. Han kjenner dei lett att på håret, for begge har krøllar i eit brus om hovudet. Hos henne er det lyse lette englefjom, faren er mørkare og med viltre korketrekkjarar. Flyvindauget gjer dei til eit dobbeltportrett i glas og ramme. Han held opp konvolutten med det ferdige brevet i venstre handa og vinkar med den høgre. Flyet blir teke av eit vindkast og skjenar inn i regnet som ei dagblind flaggermus.

Ungane ler og preikar der dei labbar opp att til skulen. - Eg visste ikkje at kaia akkurat skulle vere til å vasse på, må eg no berre sei. - Vart du våt? - Næh, ‘kje mykje iallfall. Skarven legg etter seg ein hellegang på sjøen då han febrilsk arbeider seg opp i lufta. Han er svartare enn tjuven om natta. Med travle vengeslag skundar han seg ut fjorden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket