Omtale fra forlaget
Korleis kan staden brukast som kjelde til læring i norskfaget? Denne boka viser korleis by- og bygderomma rundt oss er ei utømmeleg kjelde til å lære om språk. I denne rikt illustrerte boka gjev forfattarane ein lett tilgjengeleg inngang til korleis læraren kan bruke staden i arbeid med tema som språkhistorie, namngjeving, talespråkleg variasjon og haldningar, normering og språkpolitikk, nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og fleirspråklegheit, og slik leggje til rette for aktiv og utforskande læring i skulen. Lesaren møter også kapittel om læraren si profesjonsfaglege tilnærming til språket på staden, om forankringa i LK20 og potensialet for djupnelæring, og dessutan korleis metoden kan nyttast i tverrfagleg arbeid. Trude Bukve (fødd 1986) er førsteamanuensis i norsk og norsk som andrespråk ved Høgskulen på Vestlandet. Bukve er oppteken av fleirspråklegheit, språkpolitikk og opplevingar av språk og læring i utdanning. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar. Samuele Mascetti (fødd 1991) er høgskulelektor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser i språkdidaktikk og forskar særleg på språkhistorie.
Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 2024
Format E-bok
ISBN13 9788245056594
EAN 9788245056594
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 224
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket