Omtale fra forlaget
Elevar i Noreg har etter lova rett til skikkeleg opplæring i dei norske skriftspråka. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive nynorsk og bokmål, men å lære om kvifor skriftspråka ser ut som dei gjer. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging og språkpolitikk (SPP). Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annanspråkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten me er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.Denne boka er fyrst og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise i norsk språk på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.Leiv Inge Aa er professor i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider med grammatikk, tale- og skriftvariasjon, språkpolitikk og -didaktikk.Eli Bjørhusdal er professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Ho arbeider med språksosiologi, språkpolitikk og språkdidaktikk.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format E-bok
ISBN13 9788234008337
EAN 9788234008337
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket