Omtale fra forlaget
Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk? Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter. Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege. Denne andreutgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert, mellom anna med eit nyskrive kapittel om skrift og tale. Nytt er også ein bolk med oppgåver og løysingsforslag. Boka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer. Rolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, kognitiv grammatikk og sosiolingvistikk. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk. Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk/norsk som andrespråk ved Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling.
Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788245024036
EAN 9788245024036
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 350
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket