Omtale fra forlaget
Spektrum gir ei brei innføring i dei ulike emna i samfunnslære VK1. Boka er lett å lese og lett å finne fram i, og eit skjønsamt utval tabellmateriale, illustrasjonar og statistikk sørgjer for at ho blir svært brukarvennleg. Boka inneheld òg mange nyttige Internett-adresser som hjelper lesaren å finne relevant tilleggsinformasjon. Spektrum er ei lærebok som er både tradisjonell og nyskapande. Kvart kapittel blir innleidd med eit oversyn over dei viktigaste læringsmåla, slik at elevane veit kva som er sentralt i kapitlet, før dei går i gang med å lese. Ved hjelp av spørsmål og arbeidsoppgåver kan elevane kontrollere at dei har fått med seg det viktigaste, og på slutten av kvart kapittel er det framlegg til ulike typar prosjekttema. Til Spektrum er det òg utarbeidd arbeidshefte og lydbok for elevar, og ein ressursperm for læraren. Forfattarane av Spektrum har lagt særleg stor vekt på å sameine dei ideelle måla i den generelle delen av læreplanen i Reform 94 med dei konkrete faglege måla i læreplanen for samfunnslære VK1. Leiv Mjeldheim har arbeidd i ti år som journalist med utanriksstoff i Bergens Tidende. Han er professor i samtidshistorie ved Universitetet i Bergen og har skrive fleire lærebøker. Sølvi Lillejord har allsidig undervisningserfaring frå vidaregåande skule. Ho er i dag prosjektkoordinator ved Institutt for praktisk pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Erik Sølvberg er rektor ved Voss gymnas. Han har skrive fleire lærebøker for ulike samfunnsfag i den vidaregåande skulen.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2002
Format Heftet
ISBN13 9788276748505
EAN 9788276748505
Språk Nynorsk
Sider 282
Utgave 4
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket