Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling

møte og konflikt på det lange 70-talet

av (forfatter).

Cappelen Damm akademisk 2023 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

I 1978 disputerte Helge Hognestad for doktorgraden i Gamle festsal ved Universitetet i Oslo. Salen var fullstappa, og der var trampeklapp og buing. Avhandlinga analyserte andaktar over tekster frå Matteusevangeliet i aviser og kristelege organisasjonsblad og fann at dei stort sett legitimerte kyrkjeinstitusjonen og ikkje det tekstene sa. Det som forblinda dei, var den lutherske læra om rettferdiggjering ved tru åleine, grunngitt i Jesu soningsdød, vår påstanden. Avhandlinga fekk grundig drøfting, med mykje kritikk. Hognestad stod i samtida som eit mediesynleg symbol på den radikale kritikaren av samfunn og kyrkje, opprøraren som ville opne kyrkja, men som møtte motstand då han ville søkje stilling som prest, med forkjetring frå indre bane og applaus i mediefeltet. Boka framstiller både dei teologiske brytingane og forviklingane omkring prestetenesta. Forholdet mellom sosiologi og teologi var eit gjennomgåande tema i perioden. Denne tematikken er sentral i boka. Vi fekk ei spenstig nybrotsfase for religionssosiologien ved unge sosiologar. Dei fekk lita hjelp frå etablert fagmiljø, men gjekk laus på fleire temaområde innan kyrkjeliv og teologi etter alle kunstens reglar. Der var metoden ateistisk, noko som utfordra dialogen med teologien. Særleg var kunnskapssosiologien til Peter Berger og Thomas Luckmann i bruk. Den brukte også Hognestad i si avhandling. Han var den første som brukte sosiologien som aktiv samtalepartnar i ei teologisk doktoravhandling (saman med marxistisk ideologikritikk). Boka vender seg til den som er interessert i denne brytingstida i kyrkje og samfunn, omkring ein utfordrande teologi, og korleis teologi og sosiologi kan arbeide med same materiale med gjensidig nytte.

Bokdetaljer

Forlag Cappelen Damm akademisk

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788202794194

EAN 9788202794194

Serie Religionsfag profil (46)

Omtalt tid 1970-1979

Språk Nynorsk

Sider 450

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket