Omtale fra forlaget
Saman med ein spennande og interaktiv nettstad er denne boka eit læreverk i programfaget sosiologi og sosialantropologi i utdanningsprogram for studiespesialisering i den vidaregåande skolen. Boka dekkjer alle dei hovud- og kompetansemåla som er oppgitt i læreplanen. Sentralt i boka står samfunnsvitskaplege tenkjemåtar. Ho tek for seg det vi veit innanfor ulike kunnskapsområde, og ho forklarer korleis vi veit det vi veit. Forfattarane prøver å bruke den erfaringsverda elevane sjølv har, når sosiologiske og sosialantropologiske problemstillingar skal introduserast og ny kunnskap byggjast opp. Slik ønskjer dei at den informasjonen elevane har om samfunnet, blir til kunnskap om samfunnet. Geir Berge er lektor på Laksevåg videregående skole med faga historie, spansk og samfunnsfag. Han har vore med på å utvikle digitale læremiddel og skrive bøker og artiklar innanfor samfunnsfag, kultur og historie. I tillegg underviser han i samfunnsfagdidaktikk på SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen. Leonhard Vårdal er avdelingsleiar i allmennfag ved Stranda vidaregåande skule. Han har nær tretti års erfaring frå undervisning i faga samfunnskunnskap, norsk og historie. Han har tidlegare gitt ut lærebøker i samfunnskunnskap og samfunnslære og har vore med på å utvikle digitale læremiddel.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788245006278
EAN 9788245006278
Språk Nynorsk
Sider 380
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket